Sangtekst
Noko som dreg
Byting · Tekst og musikk: Thomas Hellekås
For lang tid tilbake, i sommar ein gong, da Olav var nede hjå Knut, mimra dei om dei dagan som rann onda den gjevaste nut. Måsån låg som ei båneseng og vogga vekk verking og sut. Og fisken smaka godt i kjaka saman med Braastad og Knut.
Ell den tid som er bruka til fjells og vatn har satt sine preg. Gje meg snella, makk og bjella. Det er noko som dreg.
Det blenkte så godt i auga på Knut da Olav sa «Hugsar du den gadden som hoppa oppe i hølen der bare storfisken stend? Han hadde kjeft som ein hestesko og spole så bredt som eit lår.» Han sa: «Jaura, eg minnes aura som om det skulle vera i gjår.»
Me må nok reise tebake ein gong og vandre i ungdommens steg. Gje meg snella, makk og bjella. Det er noko som dreg.
Dagen randt onda og kvelden kom på da Knut måla minnune fram. Han viste med hendan at fisken va stor og den blei større med hjølp av ein dram. «Eg hugsar godt at me fekk ho på land før ho forsvant i eit hælvettes drag. Aller føre har eg fått høre makan til den dag i dag.»
Me må nok reise til tindrande fjell sjøl om skrotten blir gamal og treg. Gje meg snella, makk og bjella. Det er noko som dreg.