Hopp til innholdet

Katalogen siden 2004

Utgivelser

Alle utgivelser fra Grammofon og underlabelene våre.

Label

Bluestown Records gir ut norsk og internasjonal blues!

Artist: Agnes Buen Garnås × 0 utgivelser

Artist

Agnes Buen Garnås

0 utgivelser · Pressebilder og materiale →

Agnes Buen Garnås, f..23.10.46 har ein allsidig karriere bak seg som kvedar, medredaktør av visebøker, pedagog, instruktør, pådrivar og inspirator innan kvedartradisjonen.

Agnes er oppvaksen i Jondalen i Tuddal. Ho kjem frå ein kunstnarfamilie der mor, far og syskjen og no den yngre generasjonen, Ingvill Marit, Per Anders og Jon Elling også driv med kunstnarlege arbeid.

Mest har ho arbeidd i lag med sin yngste bror, Knut Buen. Blant ana i plateutgjevinga av «Draumkvedet» Mc/Lp/Cd Kirkelig Kulturverksted 84/89 -(spelemannspris ´84), «Stem våre understrenger» og «På gamle tufter» K.Buens tekstar/tonar Buen Kulturverksted Mc/Lp/Cd ´85 og ´88 med påfølgande konsert – og radio/tv produksjonar med same verk.

Heilt frå starten av sitt virke som utøvande, har samarbeid med musikerar av ulike genrar og songerar/kvedarar, i seinare år har òg samarbeid med andre kunstnerar vore ein leiartråd for Agnes. Også i det organisatoriske arbeidet har samarbeid vore vesentleg.

Ingen utgivelser med dette utvalget.

Nullstill filter