Hopp til innholdet
Plateomslag, Diktarplager «På gjengrodde stier» Del på Facebook
Utgitt
05.08.2009
Katalognr
GRAM 0934
Sjanger
Diverse
Format
Album / CD
Label
Grammofon · se alle utgivelser

Diktarplager

På gjengrodde stier

Terningkast 5 «Denne plata skal jeg spille mange, mange ganger.» Gudbrandsdølen Dagningen

Diktarplager møtte publikum fyrst gong med forestillinga ”Diktarplager - ein kabarèt” som hadde premiere i 2007.
No er gruppa klar med ei heilt nytt album, og i høve Hamsun-jubileet er det hans tekster som har vorte utsett for De Plagede.

Diktarplager møtte publikum fyrst gong med forestillinga ”Diktarplager - ein kabarèt” som hadde premiere i 2007 og bygde på tekster av Ottadals-diktarane Aukrust, Jonsson, Hamsun, Bruheim, Ørjasæter, Storm og Skrede. Forestillinga gjorde stor suksess og vert framleis spela rundt omkring. Mykje av materialet vart og utgjeve på CDen ”Evig er Ordet” på plateselskapet Grammofon. Aktørane har kvar for seg bakgrunn frå jazz, klassisk song, pop, rock, folkemusikk, folkrock og teater, og til saman utgjer dei De Plagede. 

No er gruppa klar med ei heilt ny forestilling, og i høve Hamsun-jubileet i 2009 er det no hans tekster som har vorte utsett for De Plagede. Dette har vorte eit nytt møte mellom tekst og musikk, humor og alvor.

I denne musikalske forestillinga får vi møte den gamle Knut Hamsun der han sit på gamleheimen og skriv sitt siste mesterverk;  den merkelege erindringsboka ”På gjengrodde stier.” Her dukkar minner frå eit langt liv fram, samstundes som han skildrar dagleglivet på gamleheimen og førebuingane til rettsaka si. Vi får òg møte fleire av karakterane frå dei andre bøkene han skreiv, karakterar som har fått plass blant dei største i verdenslitteraturen. Hamsun skreiv mykje dikt men brende opp det meste, så det vart med ei diktsamling; ”Det vilde kor.” De Plagede har sett nye melodiar til fleire av desse dikta og lar musikken knyte saman forestillinga. Musikken vert tilgjengeleg på CD frå august.2009, også denne gongen gjennom Grammofon.

Knut Hamsun (Knud Pedersen) (1859 – 1952) levde dei fyrste åra sine i Lom før familien busette seg i Nordland. Var òg attende i Lom ei periode i konfirmasjonsalderen, og fleire stader i diktinga til Hamsun kan ein finne spor etter dei dølske røtene. 

De plagede er: Endre Skjåk - tekst, regi, skodespel, Hildegunn Hovde - song, fløyte, Lars Bakke - song, gitar, Reidar Svare - song, tangentar, Aslak Brimi - fele, Andreas Wagner - bass, Ole Jonny Bekkemellem - song, gitar og Rolf Morten Hosarøygard - trekkspel. På plate bidreg Trond Bersu, Ole Erik Bjørnstadhaugen og Trond Volden på trommer. Produsent for innspelinga er Kenneth M. Lewis.

Spilleren lastes fra Spotify, som bruker informasjonskapsler.

Låtoversikt

Spor Tittel Tid
1 Jeg husker alt 0:32
2 Lina 2:26
3 Glimt 1:19
4 Nordland 3:04
5 Hjem fra festen 2:26
6 I ventetiden 2:07
7 Høstnatt 2:45
8 I ungdommens vår 2:58
9 Skjærgårdsø 1:25
10 Diset kveld 3:22
11 Vi haster oss frem 2:23
12 Unskyldning 2:29
13 På hvælvet 2:51
14 Gravsted 2:57
15 Om hundrede år er alting glemt 3:58
16 Hvad vet vi 1:51
17 Mira 1:12
18 Det hælder imot død 3:28
19 St.Hans 1948 0:35

Anmeldelser

Terningkast 5 21.10.2009
«Denne plata skal jeg spille mange, mange ganger.»
Gudbrandsdølen Dagningen Les anmeldelsen →
Terningkast 4 21.08.2009
«Et godt album hvor Knut Hamsuns tekster kommer til sin rett,»
Oppland Arbeiderblad Les anmeldelsen →
04.08.2009
«Fallhøgda er stor, men vi hoppar nå berre etter oss sjølve da, seier Endre Skjåk med ein skjelmsk smil»
Gudbrandsdølen Dagningen Les anmeldelsen →

Andre utgivelser med Diktarplager